søndag 10. august 2014

Enda fler gode tips om kortvett!


BRUK KORTVETT





Her er nokre nyttige tips om korleis du skal ta best mogeleg vare på kortet ditt og hindre misbruk.
Nokre kort-tips:
Ikkje oppbevar koden saman med ,eller i nærleiken av kortet
Har du fleire kort - ikkje lagre dei på same stad
Ikkje bruk fødselsdato e.l. som koden din.
Skjul koden ved inntasting i minibank og betalingsterminal
Ikkje fortel koden din til nokon
Gje aldri frå deg kortet på barar ,restauranter, taxi etc.
Kontroller kvitteringa og pass på at ho alltid er fylt ut før du signerer
Er det vanskeleg å ta kortet ut og inn av minibanken, finn ein annan minibank. Svindlarar kan ha sett opp såkalla "skimmarar" som kopierer magnetstripa på kortet ditt.
Sjekk saldoen i Norge før du reiser. I utanlandske bankar får du ikkje saldoopplysningar om din norske bankkonto.


Mista kort


Har du mista kortet ditt?Ring banken din umiddelbART.
Kortfeil – avmagnetisering

Ver varsam med kvar du plasserer kortet ditt. Den minste kontakt med magnetlåsen til ei lommebok ,ei handveske eller bilnøklar, kan avmagnetisere og øydelegge kortet.
Kortbruk i utlandet

Unngå valutafella i utlandet - ikkje betal i norske kroner.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Bloggere i Norge